Tekststørrelse: 100%
Minnemarkering og 100-årsbok – på Jøa 21. september
13. september var det 75 år sidan vår store diktar Olav Duun døydde (1876 – 1939). Olav Duun-stiftinga i Namdalen vil, i samarbeid med stiftinga i Holmestrand og Olav Duun-ringen, lage ei minnemarkering for å syne vår djupe respekt for hans bidrag til verdslitteraturen.
Det gjer vi med ei markering ved grava hans, og med å sette søkelyse på 100-årsboka “Tre venner (1914)”. Velkommen til minnemarkering!
PROGRAM:
15.30: Tale og kransnedlegging ved Olav Duuns grav, v/ Kristen Dille.
16.00:Samling i Olav Duuns barndomsheim. Inngang kr. 50. Servering av kaffe / te og vaflar.
16.15: Opplesing frå boka Tre venner, ved Bjørg Tingstad.
16.30: Tankar rundt boka “Tre venner”, v/ Torgeir Strøm. Tid til spørsmål og meiningsutveksling.
Arrangør: Olav Duun-stiftinga i Namdalen v/ Kristen Dille, leiar.