juli 2012

Fredag, 06 juli 2012

 

Kolbjørn Gåsvær døydde den siste dagen i juni, 86 år gammal.  Ein stor samfunnsdebattant har gått bort. Han var familiemann,  lærar, venstremann, målmann, skribent, bygdahistorikar og ein kjennar av Olav Duun si dikting.

Med fødestad på Jøa var det kanskje ikkje så merkeleg at interessa for diktaren Olav Duun vart vekt allereie i ungdomsåra. Men det var ikkje ein sjølvsagt ting. Diktaren sto ikkje så høgt i kurs i det pietistiske bygdesamfunnet på Jøa i tida før og rett etter andre verdskrigen.

Frå Kolbjørn kom attende til Namdalen i 1963 var han ei viktig drivkraft for å få auka merksemd rundt vår store diktar Olav Duun. Gjennom si lærargjerning var han med på sette diktaren på timeplanen. Han skreiv i lokalaviser, hovudstadsaviser og laga eigne hefte om Olav Duun og hans dikting. Kolbjørn var i 40 år med å arrangerte Duun-stemner her i Namdalen. Teatersjefar og skodespelarar brukte han som språkrådgjevar når Duun sine verk skulle visast på teater, på fjernsyn eller som opplesingar i radio eller på CD.

I 1996 var Kolbjørn med og fekk starta Olav Duun-stiftinga i Namdalen. Han var og med å starta Olav Duun-ringen i år 2000 og var ein sjølvskriven redaktør for medlemsavisa. Heilt frå slutten av 1980-talet ivra Kolbjørn for å ta vara på Olav Duun sin barndomsheim på Jøa. Prosjektet tok si tid, men gjennom eit konstruktivt samarbeid mellom Olav Duuns familie, Olav Duun-stiftinga i Namdalen og gode økonomiske støttespelarar,  kunne vi åpne barndomsheimen 25. juni i 2011. Saman med fylkesrådsleiar Alf Daniel Moen klipte Kolbjørn snora under åpninga. Vi er veldig glade for at Kolbjørn fekk oppleve denne hendinga.

Olav Duuns barndomsheim står i dag som eit bevis på at mange namdalingar og jøbygger er stolte av den store diktaren som vaks opp her på Namdalskysten. I 50 år har Kolbjørn Gåsvær vori den fremste fanebæraren i dette arbeidet. Gjennom Olav Duun-stiftingane i Namdalen og Holmestrand, Olav Duun-ringen og Olav Duun-stemna kan vi som er att, fortsette det arbeidet Kolbjørn gjekk i spissen for. Vi skal i takksemd minnast Kolbjørn for at han synte fram vår store diktar Olav Duun.

Olav Duun-stiftinga i Namdalen v/ Kristen Dille, Ingunn Duun og Torgeir Strøm.

Fredag, 06 juli 2012

Meldinga om Kolbjørn Gåsvær sin bortgang 30. juni har skapt stor sorg i Duun-miljøa. Gåsvær har vore ei sentral og sterk røyst i arbeidet med formidling av Olav Duun si dikting.

Gjennom si lærargjerning var han med på sette diktaren på timeplanen. Han skreiv i lokalaviser, hovudstadsaviser og laga eigne hefte om Olav Duun og hans dikting. Gåsvær var i 40 år med på å arrangere Duun-stemner i Namdalen.

Han var og kjent som samfunnsdebattant, målmann, venstremann, skribent og bygdehistoriker. 

Kolbjørn Gåsvær vart 86 år gamal.