Tale på trænet

Nord-Trøndelag teater har utvikla framsyninga «Tale på Trænet», eit tilbod til bibliotek og andre lokale arrangørar i høve Språkåret 2013. Dette er ein teatermonolog frå Olav Duuns ”Medmenneske”-trilogi.

Skodespelaren Ragnhild Vannebo er Tale på trænet (toget). Musikken blir framført av saksofonisten Jon Pål Inderberg. Regien er ved Liv Hege Nylund.

Monologen opnar med ein presentasjon av Tale før ho, som hos Duun, set seg på toget og reiser sørover for å hente heim Ragnhild etter hennar opphald på tukthuset. 

Ragnhild Vannebo er ein røynd skodespelar med røter i Overhalla. Ho er kjend som ein sterk forkjempar for nynorsken og har ein særskild kjærleik for Olav Duun si dikting. Vannebo har tidlegare skrive monologen «Lea på stranda», framført i 1984 ved Nord-Trøndelag Teaterverksted og på turne for Riksteatret i 1989, samt «Ragnhilds veg», framført under Vestfold-festspillene i 1998. Denne gongen vil ho gje ordet til Tale.

John Pål Inderberg er ein allsidig saksofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Sopran- og barytonsaksofonen hans kan høyrast på ei lang rekkje plateinnspelingar. Ved sidan av si utøvande verksemd, har Inderberg vore professor ved jazzlinja på NTNU i Trondheim.

Liv Hege Nylund har regien. Ho er instruktør, skodespelar og tidlegare teatersjef ved Nord-Trøndelag Teater.

Framsyninga er på turne i Sør- og Nord-Trøndelag i februar og mars 2013, og kjem til Duun-stemnet i juni 2013. Bibliotek og andre kan tinga framsyninga frå Nord-Trøndelag teater. Premiere på Solvoll samfunnshus, Overhalla, 14. februar 2013.