Duun inspirerer også til musikk

At musiker Erlend Aastad Viken og bandet hans, Soup, har kome med ei cd-utgiving inspirert av Olav Duun, er gamalt nytt i Nord-Trøndelag, men like fullt aktuelt.

Namdalsavisa og Trønder-Avisa hadde i desember  2012 artiklar ute om cd'en, som rett og slett har fått titelen Duun.

Til tross for at bandnavnet Soup er brukt Viken reikner cd'en meir som eit einmannsprosjekt. Han har skrive all musikken, er vokalist og speler så å seie alle instrumenta sjøl. Broren Hallvard har skrive tekstane fordi det er han som har gått djupast inn i dktinga til Duun, fortel Erlend, men begge brørne har lese mykje av diktaren og føler ein nærskap til miljøa og karakterane han skildrar.

"– Vi har røttene våre i Namdalen – oldefaren vår brøt land mellom Foldereid og Kolvereid hvor vi tilbrakte hver sommer som barn. Derfor føler vi oss sterkt knyttet til Namdalen, opplyser mannen bak cd-en," fortel Viken til Namdalsavisa.

Vil du høyre litt frå cd'en, kan du følge denne linken til Soup si heimeside. Der får du også bestilt cd'en i shop'en deira.