Aktuelt

Onsdag, 25 januar 2012

Tirsdag 31.01 og onsdag 01.02 vert det arrangert eit seminar for dei aktive miljøa rundt forfattarane Magnhild Haalke (foto), Kristofer Uppdal og Olav Duun.

Det er kulturavdelinga i Nord-Trøndelag fylkeskommune som har teke initiativ til seminaret. Tanken er å samle miljøa for å diskutere om desse forfattarane sine verk og liv kan gi grunnlag for stadutvikling og såkalla litterær turisme i Nord-Trøndelag.

Ikkje berre avdøde forfattarar og forfattarskapnader vil vere tema på seminaret. Også Torvald Sund, som har skapt både romanar og dramatikk med utgangspunkt i ulike miljø, stader og hendingar i Trøndelag, vil delta.

Det same gjeld representantar frå Trøndelag forskning og utvikling, som i fleire år har forska på samanhengar mellom kultur, tilhørigheit og stadutvikling.

Mittnordenkommitten driv eit større samarbeid mellom dei midtre regionane i Finland, Sverige og Noreg, både på kultur, næring og miljøproblematikk. I 2011 vart forstudien "Litterä ra hållplatser i Mittnorden" gjennomført for å kartlegge nettopp kva for ressursar som fins i kvar enkelt region når det gjeld utvikling på dette området.
Nord-Trøndelag har fleire gode forfattarar, men mange har ikkje like sterk lokal tilknytning. For å vere aktuell i samband med Litterära hållplatser, må ein helst ha ein stad sterkt knytt til sin eigen biografi eller som motiv eller tematikk i verka sine. Derfor er nettopp miljø og/eller ressurspersonar rundt Haalke, Duun, Uppdal og Sund inviterte i første omgang.

Onsdag, 22 juni 2011

Høgtlesing av noveller frå Olav Duun si samling "Gamal jord" som kom ut i 1911 skjer i barndomsheimen på Øver-Dun. Laurdag les bla. skodespelar Magne Olav Aarsand Breivik.
Deltakaravgift kr. 500. Meir informasjon og påmelding til Torgeir Strøm, tlf. 415 62 531.

Arrangør er Olav Duun-stiftinga i Namdalen.

Lesinga foregår slik at alle les høgt for kvarandre på rundgang. Gamal jord vart skrive i 1911, altså for 100 år sidan. Olav Duun var 35 år og novellesamlinga kom i starten av diktarkarriera. Novellene er saftig kost.
- Det er skildringar av folkeliv i Namdalen, saftige og beiske med personar som lyg så dei trur det sjølve, fortel Torgeir Strøm til Trønder-Avisa 22.september 2011.

Lesehelga er ein tradisjon som starta for ti-tolv år sidan, med varierande oppmøte. At ein no kan ta i bruk Duun-huset vil gi lesehelga eit stort løft.