Duun-konferanse på NORD universitet

Konferansen «Olav Duun – menneske og natur» på Levanger 20-21 september 2023.

I 2023 er det hundre år sidan Olav Duuns hovudverk, romanserien Juvikfolke i seks band, blei fullført.

 
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​NORD universitet skriv at «Olav Duun (1876–1939) har ein status i norsk litteratur som ingen kan true. Juvikfolke har blitt kalla «ei psykologisk Noregs-soge» (Rolv Thesen), men Duun er òg ein forfattar som vier naturen ei særskild merksemd. Evna hans til å skildre menneske og natur, mennesket i naturen, menneske med og mot naturen, og ikkje minst naturen inni oss, er framifrå og har fengsla lesarar frå samtida hans til i dag.
                
Korleis ser forfattarskapen ut no som verda står framfor heilt nye utfordringar, som ikkje minst dreier seg om korleis vi forvaltar naturressursane, kva vi gjer for å ta vare på naturen, korleis vi gjer det og i kva grad vi lukkast med det vi gjer?»