13. september var det 75 år sidan vår store diktar Olav Duun døydde (1876 – 1939). Olav Duun-stiftinga i Namdalen vil, i samarbeid med stiftinga i Holmestrand og Olav Duun-ringen, lage ei minnemarkering for å syne vår djupe respekt for hans bidrag til verdslitteraturen.
13. september 1939 døydde Duun etter å ha fått slag, berre 62 år gamal. I gravferda hans, ved båra, vart Duun æra av ein annan stor, norsk forfattar, Sigrid Undset.
I høve at det no er 75 år sidan Olav Duun døde, hadde Olav Duun-stiftinga i Namdalen ei minnemarkering på Dun, på Jøa, søndag 21. september. Arrangementet var laga i samråd med Olav og Emma Duuns stiftelse i Holmestrand og Olav Duun-ringen .